N O V E L L E R

Upubliserte ord frå ingenting.

V E D

Eg var ikkje heilt vaken, men no stod eg i pyjamasen og betrakta det som skjedde gjennom soveromsvindauget i andre etasje. Ein traktor rygga langsamt ein tilhengar inn i innkjørselen og eit lass med ved vart på brutalt vis dumpa rett framføre dørstokken min. Eg hadde rett nok ringt og bestilt det sjølv, så overraskinga burde ikkje ha vore stor. Ved er likevel liksom så stort eit prosjekt at eg hadde vona bestillinga ikkje skulle manifestere seg i ein haug trebitar, iallfall ikkje på lenge enno. Eg er altfor ung til å tenkje på ved heile dagen, og sjølv om det var meld snøfall i kveld så var det ikkje heilt vinter enda heller.
Ved er ikkje noko ein handterer aleine. Eg heiv meg på telefonen og ringde Ole.
Du må koma. Det er eit berg av ved her. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Du må hjelpe meg.Ole kom da kvelden seig inn over ettermiddagen. Men han kom med ljoset og von om at vi nok skulle få veden innomhus.Fikk du sendt søknaden? var det første han spurde.
Jada, svara eg. Trur det gikk greitt. Det var ei heil mengd med dikkedarier eg måtte fylle ut, eg skjønnar ikkje at det skal vere naudsynt, fortsette eg.
Fint, vi får sjå kva dei seier, sa han. Og stilte seg opp attme vedfjellet med hendene i sida. Vi kikka på veden ei stund.
No var det slik at veden skulle inn i kjellaren ein stad der det ikkje var noko anna enn eit lite gluggvindu å få kasta skivene inn gjennom. Alternativet var å bere den inn gjennom nær sagt alle romma i huset og ned kjellartrappa. Det orka vi ikkje. Det vil nesten heilt garantert ha ført til at nokon hadde skada seg, mest sannsynleg Ole. Om ikkje anna ville det ha vorte mykje rot og rusk. Og ungane kom sikkert til å gå i vegen for oss. Det var berre ikkje aktuelt.Vi begynte å bere. Greip bestemt ei bunke vedskiver og laga kvar vår favn. Eg skulte bortpå Ole for å sjå om han hadde større favn enn meg. Det blei svarte, blaute fotavtrykk i nysnøen da vi tusla bortetter plena i dei få centimetrane som hadde kome. Børa lempa vi inn det smale vindauget og vi høyrte vedskivene ramle iltert innover murgolvet. Så labba vi inn, ned kjellartrappa, inn i bua og stabla opp det vi hadde hiva inn. Trappa vart full av trefliser, lauvblad og smelta snø etter første bør. Vi henta eit nytt fange ved og tok av oss støvlane denne gongen. Lett og forsiktig gikk vi ned trappa, det hadde vore forferdeleg tåpeleg å segle ned kjellartrappa på glatte ullsokkar. Mamma hadde heilt sikkert følt seg skuldig og, som strikka så glatte sokkar. Mamma tok på seg skulda for alt. Igjen var eg bekymra for at ein av oss, truleg Ole, skulle snuble nedover trinna og vrikke ein fot eller brekkje noko vitalt. Vel inne i bua begynte Ole å stable, men han flytta seg da brillene begynte å dugge. Eg tok over. Vi gjentok det heile eit par gonger til, liksom for å vere sikker på at dette kunne koma til å gå dårleg, før vi innsåg kor dumt det var, det vi held på med. Det kom og til å taka evigheiter.Vi trong ein ny plan.Eg sende Ole ut i vinteren og gjekk sjølv ned i kjellaren. Plana var at eg skulle stå der og stabla opp det som Ole stappa inn gjennom vindauget. Gjennom det opne vindauget kunne eg høyre han kjempe med veden for å lage eit fange av akseptabel storleik. Så høyrde eg han surkle gjennom den gjennomvåte plena på veg mot meg. Ole sa eit slags varsku og inn fauk et fange ved som ein slags punchline.Ja, det vart vel litt dumt det der vi blei einige om på møtet i dag tidleg, sa Ole da veden hadde bråka frå seg. Eg kunne vel besinna meg litt.
Så gikk han ut i skumringen og rundt hjørnet av huset der vedlasset venta, og vart borte. Berre eit sus av bilar, stillare enn vanleg, rullande over ferske snølag på gamle E6 eit stykkje unna.
Eg kikka på veden som låg spredt utover, plukka opp skivene og stabla den møysommeleg opp medan eg tenkte på kva eg skulle svara. Neste gong Ole kom og lempa eit nytt vedfang inn gluggen hadde eg eit brukbart svar frampårulla.Ja, men møtet måtta vi jo ha. Det var ingen veg utanom, sa eg. Da er det ikkje å koma bort i frå at det kan bli litt ampert. Eg var nøgd med svaret. Passe kontant, heilt korrekt og etter boka. Ikkje noko tull. Eit nytt lass av vedbitar vart kyla inn vindauget og Ole forsvann igjen. Sekunda gikk, snart kom det ei ny vedmengd.Eg fattar ikkje kva han der Morrissey driv med, eigentleg. For ein underytar. Ole rista på hovudet så pelsjegerlua kom på etterskot. Borte igjen.
Eg klarte ikkje å finne ut eit godt svar på det. Sjølv om eg var einig. På neste runde tok eg fraspark og begynte på eit nytt tema.
Fekk du mailen frå fagforeininga?
Vi får alltid mail frå fagforeininga, anten vi vil eller ikkje.
Så forsvann han inn i mørkret mellom meg og veddungen.Slik heldt vi på. Ut av ein vegg av mørke kjem varmen eg skal ha i vinter som boren på gullstol av Ole. Ved bråkar verre enn ein skokk måsar, så for kvar famn måtte vi vente nokre sekund på at alt skulle klirra frå seg. Nokre korte frasar og så svelgjer mørkret alt igjen. For Ole må det fortone seg like vakkert, tenkte eg. Opp i innsida av gluggen poppar det ei topplue med logo frå eit NM i skiskyting på ein tettstad i Noreg, og når ho forsvinn er det berre å kyle veden inn.Dungen av ved i snøen minka, og den sirleg organiserte stabelen i kjellaren vaks i høgde og breidde. Eg kunne allereie kjenne innetemperaturen kommande vinter stige.Gamle ordvekslingar var ikkje lenger viktige. Bilane høyrtes så godt når piggdekka hadde revet av det laget med snø som hadde kome.Da må eg stikke heim, sa Ole. Til og med pelsjegerlua hadde funne roa.


H a n d s u p

Nidelven stille og vakker du er-i-er...Ein kan seie mykje om å vekse opp i grisgrendte strøk. Men det er ikkje akkurat gjennomtrekk av store artister som byr opp til dans i gymsalen. Heilt fram til eg vart dødskul midt i vidaregåande opplæring hadde mi einaste konsertoppleving vore ein plattdans med Ola Uteligger. Og Hans Rotmo har jo gått åt skogen i nyare tid, så eg veit ikkje om dette er noko å skryte av.I ein idrettshall på indre Nordmøre skulle eg imidlertid bli innvia i rockekonsertens gleder og byungdommens coolness. Endeleg. DumDum Boys hadde stått på plakatane overalt og no stod dei på scena. Etter å ha sett framsida av den første plata kunne eg ikkje forestille meg at det kunne finnast noko tøffare enn Prepple. Eg stod langt framme og kunne no nesten lukta sveitten hass. Prepple brøla meir enn han song, bar overkropp, musklar som ein Schwarzenegger i brunst og tilstadesheit som ikkje likna noko. Og ingen er kulare i verda enn Kjartan Kristiansen, om det var med eller utan heroin, det veit eg ikkje. Det var som om eg ikkje hadde vorte skikkeleg fødd før no, men berre gått rundt og sparka i hesjestaurene på bygda. Høgdepunkt i livet hadde vore at ho søte hadde dansa med meg to gonger på ein klassefest og at eg fekk datamaskin på bursdagen i sjuandeklassen. No stod eg der med dei framre konsertdeltakarane og alle braut ut i jubel og heiv armane opp i den lodne lufta. Stinn av sigarettrøyk og tørris smaug den seg seigt rundt oss og la seg på golvet ein stad millom M75 militærstøvlar og joggesko.Det er hardt arbeid å vere på rockekonsert. Etter kvart vart eg sliten i armane. Eg måtte taka dei ned. Taka ein pause i DumDumminga. Men noko skurra, eg fekk dei ikkje ned. Armane satt fast, som i ein altfor langt framskrede dobbelsidig Sieg Heil sto eg der i all mi dødskule prakt og fekta som ein klovn mot usynlege vindmøller. Det kunne ha vore Lucky Luke som peika på meg med seksløparen og eg stod der med hands up og dirreleppe. Dei høge skrika som sirkulerte ein stad rundt meg uroa meg og. Då eg fekk summa meg såg eg at glidelåsa på erma på mi nye skinnjakke, ei ikkje så reint lite tøff jakke heller, hadde bora seg langt inn i dei ljose Elnet-krøllane på jenta framføre meg. Akkurat i det ho snudde seg ropa eg framover "Ikkje snu deg, ikkje snu deg" og begynte på oppflokinga.Historia fortset med at eg fløker erma og armane sakte ut av lokkane hennar, kastar nokre blonde hårdottar bak meg og vonar ho ikkje ser dei. At ho fysisk kjenner dei er eg ganske sikker på. Så snur ho seg og kikkar meg djupt inn i augene. Så djupt at eg mest kan kjenne vinden frå det kvite inst innunder eyelineren. Ho var heilt utruleg vakker. Det er no forresten alle når ein er sytten. “Spark, slå og knull meg”, syng Prepple i bakgrunnen."Skal vi kline", spør ho, medan nokre hårtustar flyg gjennom røyken og ljoset frå spottane og landar fjørlett på parketten og ingen ser på oss.Slik fortsett historia. Sann er ho diverre ikkje. Kvifor den her siste biten utspelar seg i hovudet mitt gong etter gong anar eg ikkje. For jenta snudde seg berre og kalla meg idiot og snudde seg framover att. Så enkelt kan det gjerast. Idiot. Ho sa berre det. I nok ein time stod eg der og høyrde Splitter Pine, En vill en, og andre slagarar frå karane frå stor-Trondheim. Og lurte på korleis ho hadde det med blikket mitt i nakken og hårlokkane sine rundt omkring på golvet. Og kva i all verda eg skulle seie når konserten var over.


B A S S

Eg spelar bass, sa eg igjen.
Bajass? Sa ho og humra.
Nei, sa eg.
Eg hadde pause, var svett og klam og gikk og kikka på dei forskjellige kasus som hadde manifestert seg på samfunnshuset på Gjøra denne kvelden.
Skal vi danse om det kjem ein roleg ein? Sa ho.
Eg spelar i bandet, sa eg. Da spelar eg viss det kjem ein roleg ein. Men du kan jo danse.
Etterpå dro vi i veg ein litt sur versjon av Hotel California. Det er ein roleg ein. Ho dansa. Med han der knølen som såg ut som om han hadde eit slektstre med litt for mange flokar. Det er vel slik det er oppi her, tenkte eg.
Eg var godt påsegla da vi omsider var ferdige. Vi hadde spela alle songane to gonger, vi kunne ikkje fleire. Folk merka det ikkje lell. Eg hadde pakka forsterkaren i bilen og lurte no på om eg skulle køyre i småfylla heim, eller ikkje. Eg er god på å køyre i fylla, ein har som regel ikkje anna råd her kor dei ikkje har høyrt om buss.
Bagasjeromlokket small att. Der stod ho igjen. Ho sto der i den kalde og fuktige haustnatta og held skoa sine i handa. Strømpebukseføtene så ikkje utan vidare komfortable ut på oljegrusen.
No kan vi danse, sa eg.

D E K K

Nå går det ikkje lenger. Midt i Noreg i månadsskiftet millom oktober og november, då er det glatt på vegane. Det kan fort koma snø. Når som helst kan det lava ned gamle kjerringer og då går det på trynet om ein ikkje har vinterdekk. Ein må få på vinterdekk. Ein tur på IKEA blir då gjennomførbar, iallfall i teorien. Eg har utsett det lengst mogleg. Eg har grudd meg lenge, for dette hadde eg ikkje gjort på eit kvart århundre sjølv. Det er eit helvetes styr å legge om til vinterdekk. Ein må planleggje månadsvis i førevegen. Kjøpe dekk. Finne ein plass å gjere sjølve skiftinga. Passe på at ein har alt utstyret. Vite noko om lufttrykket ein skal ha i dekka. Det er ikkje tilfeldig det der, ein kan ikkje ha same trykk foran som bak. Slike ting må ein sjekke. Eg sjekka. Det står at ein skal ha 23 bar foran. Eg kunne godt tenkt meg ein bar foran, tenkte eg. Eg humra litt. Og 25 bar bak. Eg humra litt av uttrykket bar bak og. Det er fint med bar bak på nokon. Tankane krinsa mellombels rundt nokre av gongane ein låg der med bar bakende og hutra, med eller uten selskap. Konsentrere seg no. Og så står det at ein skal leggje inn litt meir luft om ein skal kjøre raskare enn 160 kilometer i timen. Kva faen, skal ein stoppa når ein køyrer 159 og leggje inn meir luft? Eller veit alle menneske akkurat når dei har tenkt å køyre over 160 kilometer i timen og når dei ikkje skal gjere det? Makan til skitopplysingar. Det går ikkje an å forhalde seg til slikt. Eg ringer ein ven. Han fortel at eg bare skal taka eit tal midt i mellom dei to tala som er oppgjeve. Og legge til litt ekstra sida vi er i Noreg. Vi må alltid dra på litt i Noreg, uansett kva det gjeld. Eg blir heilt makteslaus. Gidd ikkje vente på den naturvitskapelege forklåringa på kvifor Noreg treng ti prosent ekstra lufttrykk. Eg seier ha det bra og legg på. Så mykje styr for å få skifta dekk. Tenkjer på 23 barar igjen. Det skal visstnok vere 23 barar i Studentersamfundet i Trondheim. Det hadde vore noko no.Eg skal jo aldri køyre 160 kilometer i timen uansett.Og eg tenkjer at snart, snart så har det plutseleg vorte vår og ein må gjere heile skjiten ein gong til. Så lite tid, så mange dekk som må skiftast. Det er nesten så det er vanskeleg å ha eit sosialt liv utanom.Eg bar opp dekka frå bua og stabla dei inn i bilen. Ein bil er sjølvsagt ikkje laga slik at det er ein logisk måte å få dekka til bilen INN i sjølve bilen. Det hadde vore for enkelt. Eg banna litt og stabla to dekk på sett og vis inn i bagasjerommet og satte dei andre to i baksetet. Det blei skit overalt, men det fekk stå si prøve. Winter is coming.Eg hadde plukka meg ut eit parkeringshus tilhøyrande ein butikk som hadde stengt på søndag. Der skulle eg nok få halde på i fred. Eg rulla sakte inn på parkeringsplassen og sette bilen under tak. Det var meldt regn. Utenfor var det fleire parkeringsplassar og det stod ein kar der og skifta dekk allereie. Han kom med nokre nordnorske gloser no og da. Men han var kome godt i gang med første hjulet.
I bagasjerommet fann eg jekk og mutrar, det var visst eit poeng å bruke andre mutrar. Slik at ein måtte bruke to forskjellige reiskap for å behandle dei to storleikane rett. Dei såg heilt like ut. Eg jekka opp bilen og sette på hjulkryss og tok i. Ingenting skjedde. Eg tok i alt eg makta, men dei pokkers mutrane rikka seg ikkje.
Nordlendingen var snart ferdig med første hjulet. Eg fikk mild panikk og gikk bort til han. Eg var litt usikker på kva eg skulle seie, men kom på at eg i steinalderen hadde høyrt om at nokon brukte muttertrekkar og kompressor. Det høyrtes akkurat passe tilfeldig ut til at eg kunne spørre.- Har du kompressor og muttertrekkar du kanskje?
- Nei, ser det ut som æ har det?
Han var frekk, men likevel venleg, om det gjer meining.- Nei, forsåvidt ikkje. Har du 656 då? Eller 565 eller kva det heiter? Slik spray til å løysne mutrar.
- Det heitte WD-40 nu. Og nei, eg har da førr fan ikkje det.
Han kom med nokre fleire gloser.
- Sjå på de her dekkan. Det ser jo ut som et slags pilemønster på dæm. Men det er jo faen mæ det samme pilmønsteret på all dekkan. Det ser ut som om æ bære har venstredekk! Eg skal da faen tutimæ sving begge veian og kjør både framover og bakover!
Eg lo inni meg. For ein amatør som ikkje veit slikt. Eg hadde heller ikkje aning, men tusla tilbake til bilen min. Eg fann ein ny reiskap under golvet i bagasjerommet og brukte det i staden for hjulkrysset. Det minna meg om den gongen eg flytta på hybel første gongen. Han eg skulle leie hybel i lag med hadde, i likheit med meg, fått startpakke heimefrå. Det hadde mødrene våre sett til. Det vil seie ei pappeske med kjøkkenreiskap vi ikkje visste kva skulle brukast til. Det er grenser for kor mykje nittenårige gutar har bruk for plommesteinsfjernar. No stod eg her igjen. Hjulkryss var ubrukeleg, eg måtte ha denne stonga som eg kunne hoppe oppå. Eg anar ikkje kva den heiter, så eg berre kallar det stong. Då løsna omsider mutrane. Det var ein lykkens time. Det var som å finne ein luksuriøs dass med to lås på ei lydtett dør når ein held på å drite i buksa. Å nesten drite i buksa er for øvrig rimelig nære kjensla ein får når ein tek hardt i for å fjerne hjulmutrar.
Eg akselererte no. Fikk fart på sakene. Løsna alle fem mutrane. Jekka opp bilen, skrudde dei fem mutrane heilt av, henta dekket som høyrde til, sette det på, sette fast ein etter ein av dei nye mutrane. Passa på at eg skrudde til motsette mutrar heile tida, dette vart hjulskift for vidarekommande. Eg jekka ned og skrudde hardare til. Ikkje for å vere overentusiastisk, men det vart nesten litt artig. Eg skunda meg vidare og fekk skifta på alle dekka. Heile tida kikka eg litt på nordlendingen som stod der og sleit med dekka sine. Så lasta eg alt inn i bilen igjen. Lasta ned ein app for å betale piggdekkegebyret. Til og med BankID virka. Kjensla av meistring var så stor at eg gikk ein tur bortom nordlendingen berre for å gjere det ekstra synleg at eg var ferdig.
- Ja, du får ha ein fin dag vidare, sa eg.
- Nei, det får eg aldeles ikkje, drit og dra, men det bli vel det her, knurra han tilbake.
For ein amatør.Eg kjende eg kom til å vere støl som berre juling i fleire dagar.

© Untitled. All rights reserved.